Tusen takk for besøket i Skånevik – og velkommen til Saudasjøen i 2016!

Meir informasjon kjem på nyåret i 2016! Allereie nå kan me lova gode instruktørar og
DJ´ar, blide dansarar og og den strålande seinsommartango-stemninga!
Følg med her og på Facebook-sida vår!

Bilder fra ein stemningsfull og smilande milonga i Skånevik i 2015:
DSC_3855
 DSC_3864
Sauda Fjordhotell er seinsommartangohotellet 8.-11. september 2016. Bli med!
saudasjøen2

Posta under Seinsommar2012 | Kommenter innlegget

Velkommen til Skånevik

Flott vær og herleg stemning i Skånevik – bygda er klar for tangoinnrykk!

Husk å ta med kopp :-)

Ta også hensyn til at det er folk med sterk nøtteallergi til stades! Det betyr at hotellet må vera heilt nøttefritt denne helga!

Milongaen på kvelden er på ein skule, og det betyr at dette er alkoholfritt område.

Hjerteleg velkommen til Skånevik! De har mykje å gle dykk til!

Posta under Seinsommar2012 | Kommenter innlegget

Nysgjerrig på tango?

Kanskje du har lyst til å vita meir om argentinsk tango – eller berre vera med på litt av det som skjer i helga? I så fall vil me foreslå:

  • Nybyrjarkurs! Kom og prøv argentinsk tango fredag kl. 16.45-18.45, kr. 250,-. Om det er kjekt, kan du også delta på nybyrjarkurset to timar lørdag og to timar søndag.
  • Tango-oppvisning med instruktørparet Bryndís og Hany i gymsalen på skulen lørdag kveld kl. 22, tilbodspris kr. 100,-, som inkluderer kaffi/te og kaker. Kom gjerne når den sosiale dansinga byrjar kl. 20.30.
  • Kom og sjå folk dansa tango i kaféen lørdag kl. 14.30-18 og søndag kl. 11-15.
Posta under Seinsommar2012 | Kommenter innlegget

No er det berre to dagar igjen…

Fredag 31. juli er siste dag me kan halda av rom på Skånevik Fjordhotell før dei tildeler rom til andre gjester (f.eks. pågang frå Vamp konsertdeltakarar).

Så ver rask om du ikkje har fått bestilt hotellrom!
Me må vita det seinast torsdag 30. juli kl. 20.

Posta under Seinsommar2012 | Kommenter innlegget

Ja til eigen kopp og fleire menn, nei til nøtter

Me ynskjer at alle tar med eigen kopp på Seinsommartango. Den kan du lett finna igjen i pausar og på milonga – og du hjelper oss til å ta vare på miljøet :-)

Nå er det dessverre inntaksstopp for følgjarar som melder seg på aleine, men framleis plass til fleire menn og par! Kom igjen, karar, damene står i kø og venter!!

Me minner også om at alle må melda seg på på førehand – også dei som kun tenkjer seg på ein milonga :-)

Me har ein deltakar som er veldig allergisk for nøtter, så me ber om at alle tar omsyn og lar nøttene vera igjen heime og på butikken denne helga!

damekø

Posta under Seinsommar2012 | Kommenter innlegget

Konsert med Vamp fredag 14. august

Har du vore på konsert med Vamp? Bandet fra Haugesund spelar folkemusikk kombinert med viser og rock og bør opplevast laiv. Dei har til nå gitt ut ti studioalbum, fått ti gullplater, tre platinaplater og to trippelplatina og fem Spelemannsprisar.

Fredag 14. august kl. 19 – 21 har dei utekonsert i Skånevik. Me har tilpassa programmet sånn at du kan få med deg både kurs, konsert, middag og milonga. Billett kjøper du her!

10731762_850616078316870_425247404_n

Posta under Seinsommar2012 | Kommenter innlegget

Seinsommartango 2015 i fjordperla Skånevik!

Seinsommartango 2015 blir i Skånevik, Sunnhordlands perle!

Programmet er klart og påmeldinga er opna.
Velkommen!

Welcome to Skånevik

skv_fra_nes_700

240_Hotellet2c

303_Hotellhage9

Posta under Seinsommar2012 | Kommenter innlegget