Annabel Guaita og Oliver Szüts fra Bergen/Ungarn har vore instruktørar på mange kurs i Bergen og på Haugalandet. Me er glad for at dei vil ha kurs på Haugalandet enda ein gong!
http://www.youtube.com/watch?v=4J9wPEM45gs

Mustafa Elmas og Pembe Gaziler er fra Nord-Kypros og kjem til Norge for første gong. Deira spesialitet er milonga, og derfor vil dei ha milongaverkstad for deg som aldri har dansa milonga før og for erfarne milongadansarar. Dei vil også ha ein tangoverkstad for erfarne dansarar.
Privattimar
Begge para har høve til å gi nokre privattimar dersom det er interesse for det. Ein privattime (60 min.) kostar kr. 500,- for 1 person og 900,- for eit (tango)par.
Dersom du ynskjer privattime avtalar du direkte med instruktørane: annabel.guaita@c2i.net (Annabel&Oliver) eller mustyser@yahoo.com (Mustafa&Pembe).

