Bjordalstunet: 260,-/360,- per person i dobbeltrom/enkeltrom per natt. Kr. 75,- i tillegg dersom du ikkje har med eige sengetøy. Moglegheit for enkel matlaging.
Gamlatunet: 520,- for eit dobbeltrom per natt. FULLT!
Det er også høve til å leiga rom privat i bygda, telta eller bu i eiga campingvogn. Dersom du vil ha rimeleg og eksotisk overnatting, så kan du leiga det gamle skulehuset på Øvrabø for 520 kr. heile helga. Det gamle skulehuset ligg ca 5 km fra Bygdahuset mot Bjordalstunet, og her er det overnatting på gulv, kjøkken og do. Dusj på Bygdahuset.
Ta kontakt med Kirsten 95 90 15 61 / kirsten.erdal@gmail.com dersom du har spørsmål om overnattinga. Me ber om at overnattinga blir betalt samstundes med deltakaravgifta.
Overnatting i nabobygda Bjoa er også muleg – bestilling og betaling foregår direkte til utleigar. Les meir her.