Seinsommartango på kypriotisk fjernsyn

Sundag 11. desember kl 14.10 og fleire sundagar framover kan du sjå opptak frå Seinsommartango med meire på kypriotisk fjernsyn.

Du kan sjå programmet direkte på internett på BRT-2 live streaming i høgre marg.

Posted in Uncategorized | Kommenter innlegget

Seinsommartango 2012 blir i Herlege Hardanger

Truleg tredje helga i august. Arrangør blir Hardingtango og arrangementet blir lagt til Strålande Strandebarm.  Om du likte deg i Vikebygd, kjem du til å elska Strandebarm! Fint å ha noko å gle seg til :-)

 

Posted in Uncategorized | Kommenter innlegget

Derya og tango på TV Haugaland

Det kypriotiske TV-teamet som deltok på årets Seinsommartango tok også turen innom TV Haugaland i Haugesund og gjorde opptak til kypriotisk TV. I tillegg blei Derya intervjua om hennar inntrykk av tango på Haugalandet.

Posted in Uncategorized | Kommenter innlegget

Takk til alle deltakarane som gjorde Seinsommartango 2011 uforgløymeleg for arrangøren

50 av dei nærare 80 deltakarane som på ein eller annan måte var innom i løpet av helga

Posted in Uncategorized | Kommenter innlegget

Siste nytt for deltakarar

Fleire av verkstadane er fullteikna, og me ber dykk melda frå om de av ein eller annan grunn ikkje skal delta på eit eller fleire verkstader likevel. Meld i så fall frå på sms til Birgitte på 46 76 54 76.
På lenkja under kan du sjå kven som er påmeld og kven me har sett opp som kurspartnarar:
http://seinsommartango.wordpress.com/pamelde/

For dykk som framleis står oppført med ‘?’ på partnar – det KAN framleis henda det dukker opp ein etternølar eller tre. I motsett fall får du pengane tilbake for dei kursa du ikkje får partnar til. Det sikraste er sjølvsagt dersom du skaffar deg ein partnar sjølv :-)

Mustafa seier at verkstaden ‘Musicality’ er veldig bra for nybyrjarar. Her er det førebels plass til fleire par, og me vonar fleire frå nybyrjarkurset vil vera med på denne verkstaden sundag kl. 15.00 til 16.30.
På grunn av stor mangel på førarar, og ynskje frå instruktørane, er kurset i linear boleos på laurdagen endra til ein praktika fredag kl. 15.30. Dette vil vera ei open tango-øving kor Mustafa og Pembe vil gå gjennom det som deltakarane måtte ha behov for og svara på spørsmål. Her er god plass til fleire par – og kun nybyrjarkurs er nødvendig som forkunnskap.

Er du vegetarianar eller har du matallergi? Gi i så fall beskjed om dette til Kirsten Erdal på mobil 95 90 15 61. Ta også kontakt med Kirsten om du vil (av)bestilla overnatting.

For dykk som skal overnatta på Bjordalstunet og vil innom der før de kjem til Bygdahuset/Plassabakeriet på fredag: Bjordalstunet er skilta frå hovudvegen som Bjordal kurs og fritid – ca 6 km før Vikebygd.

Posted in Uncategorized | Kommenter innlegget

Toppturar med eller utan tidtaking

I Vikebygd er det fleire fine fjell, nutar og hyttar for tangofolk som vil ut på tur. Turmåla ligg frå 0,5 til 2 timar unna vegen, så her skulle det vera noko for einkvar smak. Snakk med dei lokalkjende for å få informasjon. Det vil også bli kopiert opp kart til dei som vil ta ein tur mellom dansane.

For dykk med litt ekstra konkurranseinstinkt. Ta med stoppeklokka, og kom på tango-adelskalenderen til Trodlanibbå eller Vikestølen. Tidlegare tangouerotider:

Trodlanibbå:                         
1. Jon Magne 28.44                    1. Hildegunn 40 min
2. Eivind 40 min                         2. Birgitte 42.12

Vikestølen:
1. Jon Magne 28.14                    1. Birgitte 41.04

Posted in Uncategorized | Kommenter innlegget

Tango-orkesteret ‘El Mediterraneo’ kjem til Seinsommartango!

På tangoballet på lørdagen blir det levande musikk frå tango-orkesteret El Mediterraneo frå Kypros. Don’t miss it!

Sjå dei spela her: http://www.youtube.com/watch?v​=HpUAo2mYGb4

Og her: http://www.youtube.com/watch?v=igxH8APG0ww&feature=related

Posted in Uncategorized | Kommenter innlegget

Høve til trena tango på eiga hand

På Bygdahuset i Vikebygd er det fleire salar og i ein av dei blir det satt av tid til dykk som ynskjer golvplass til å trena tango utan instruktør.

Posted in Uncategorized | 2 kommentarar

Seinsommartangovorspielmilonga i Vikebygd

Onsdag 27. juli kl. 20.00 blir det milonga i Vikebygd (heime hjå Birgitte og Jon Magne). Alle er hjerteleg velkommen. Ingen forkunnskap i tango er nødvendig. Me lærer deg gjerne nokre trinn – eller du kan berre komma for musikken, praten og kaffien ;-)

Posted in Uncategorized | Kommenter innlegget

Stort besøk frå Kypros til Seinsommartango

I tillegg til instruktørane Mustafa og Pembe er det nå også tre påmelde deltakarar og eit TV-team som tar turen frå Kypros til Seinsommartango. Det syns me er kjempehyggeleg! Dei blir verande ei veke for å oppleva Bergen, Haugesund, Karmøy og Vikebygd. Tangodansarane blir også igjen for å oppleva Seinsommartango-nachspiel&bursdagsmilongaGeitungen fyr søndag 28. august.

Posted in Uncategorized | Kommenter innlegget